Utskriftsvennlig versjon

Leiar sitt arkivansvar

Rådmannen sitt arkivansvar

Rådmannen/administrasjonssjefen har det overordna administrative ansvaret for kommunen sitt arkiv og for at organisering og oppfølging av arkivarbeidet er i samsvar med lover og forskrifter.

Forskrift om offentleg arkiv, § 1-1, arkivansvaret i offentlege organ:
Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ tillegg den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det overordna administrative ansvaret som er tillagt administrasjonssjefen, jf. kommunelova § 23.

Tenesteleiar sitt arkivansvar

Tenesteleiar har personalansvar og ansvar for å melde frå til arkivtenesta ved langvarig fråver hos sakshandsamarar.

Tenesteleiar har ansvar for å halde oversyn med restansar i eiga avdeling og syte for at sakshandsamar har dei naudsynte ressursar til å utføre oppgåvene sine.

Tenesteleiar skal godkjenne og signere vedtak i si avdeling, eller delegere dette til andre.

Laster...